tirsdag 3. juni 2014

Det blide sørland

Veldig kjekt med helligdagar, i allefall når eg har fri på den inneklemte fredagen.
Så torsdag pakka eg kler og ungar i bilen, 
og kjørte sørover til søster mi og familien som har flytta til Mandal.

Turen både til og frå gjekk overraskande bra, med nokre hemmelegheiter i løpet av turen.
Ei leika ved ferjekaien, og ei rosineska før Flekkefjord.

Der koste me oss heilt t il søndag formiddag.
Jentene våre leika så fint saman, og av og til fekk lillebror og vera med.
Eg kosa meg med søster mi som har fått stor mage...

Is måtte me ha i det nydeliga vêret

Fann ein kjekk leikeplass


Lillebror like å hoppa

Piknik med sjokolademjølk og kjeks..nam

Søss med magen

Herligt med barbeint og shortsavêr ei heil helg
Vêret og laget var heilt fortreffeleg, og me kosa oss alle saman. 
Heldigvis er det berre vel ein månad til sommarferien, og då skal me ned igjen :)
Takk for oss, kjære søss!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar