søndag 18. mai 2014

17.mai er over...

17.mai er over, og snart 18.mai óg.
Igjår var me alle pynta og klare for byen og barnetog kl.09.00.
Eg gjekk i barnetoget med storesøster og 1A. 
Koselig tur, og kjekk klasse.

Etterpå var me til svigers på lunsj, før ein tur på skulen for å fiska godtepose, eta is og prøva lykkehjul.
Her traff storesøster klassekameratar og, men me var litt seine, så dei fleste hadde gått heim,
eller til byen for å sjå borgartoget.

På kvelden igjår fekk me plutselig besøk av eit vennepar med gin og spel i kofferten.
Sidan me ikkje hadde noko 17.mai-arragenement heima hadde eg ikkje så mange effektar, så dette lysfatet blei det nærmaste eg kom noregs fargar.


Så den kvelden blei lang, og natta litt for kort, så kvelden idag blir kortare.

Idag har me planta ute i krukker og bed( dette skal eg vise ein annan dag), 
og eg har faktisk vaska bunadskjortene( klapp på skuldra til meg).


Nå skal eg og min kjære mann sjå ein film før tidleg kveld!

Håpar de hadde ein fin 17.mai! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar