lørdag 8. mars 2014

Hand made with love -luer

Idag var storesøster invitert i dobbelbursdag.
Og eg fann ut sist helg at eg skulle lage huver til jentene.
Så tysdag sat eg ein times tid å sydde to huver.


Men når storesøster kom ned på onsdagsmorgon, fekk eg beskjed om at dei var for små.


Det var dei til venstre her eg sydde først, så torsdag var det igong igjen,
og denne gongen blei det rett.
Så nå har malen fått påskrift med korleis det må vera.


Men kan ein få for mange huver? 
Der er kanskje andre mindre jenter som kan bruke slike bomullshuver?! :)
Kjenner du ei barnehagejente som treng ei? Gi eit hint, så kjem kanskje ei susande.....

Eg har jo merkelappar med bloggnamnet på, 
men syns desse eg fekk samam med eit blad var koselegare.
Vonar mottakarane vart fornøgde!


Så det har eg gjort denne veka :) 
Det var kjekt å ha maskina framme igjen litt, 
så det trur eg jammen eg skal gjera igjen snart :)

Ha ei flott helg! :)

4 kommentarer:

  1. Så fine dei va ;-)
    Søndagsklemmer ;)

    SvarSlett
  2. Disse var superfine :)
    Vil ha ! hihi!

    klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Mail meg adressa di Maia,så skal eg sy ei til deg :) venkesynnove@gmail.com :)

      Slett