lørdag 12. oktober 2013

Tova tøfler

I vår strikka eg tøfler til meg sjølv. 
Du kan sjå dei her på Kjappe prosjekt.


Dei har blitt støffe og større, 
så igjår kasta eg dei i vaskemaskina saman med eit sitteunderlag eg skulle tova..
"Då passar dei nok betre" -tenkte eg.
Men der tok eg feil.....

Dei blei passeligare til storesøster!



Men ho blei så fornøgd at eg kan jo ikkje bli sur...eg får berre spøta nye til meg.

Ha ei flott helg folkens :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar