onsdag 9. oktober 2013

For ein kjekk dag! -med sds-lyslykt-

Me har hatt ein flott dag idag.
Eg og begge ungane har vore heima idag, 
og det har gått over all forventning.
Formiddagen byrja med frokost og fyr i omnen(herligt!).
Etter litt barne-tv, gjekk me ut i hagen med blikkboksar.
Me satte dei på hagebordet og kasta på boks.





Når dette ikkje var kjekt lenger, fann eg fram hammar og spiker.
Og så lagde me lyslykter. 
Storesøster fekk dreisen på det, og syns det var kjekt.
Og sjå kor fine dei blei:





Flotte?

Så steikte me små amerikanske pannekaker, og drakk kakao,
før lillebror blei levert til farmor.
Eg og storesøster var på kino og såg "Mormor og de åtte ungene", 
og så ein tur på biblioteket.

For ein kjekk dag! 
Hadde alle dagar med ungane heima vore som idag,
så hadde eg gjort det så ofte eg hadde kunna.
Nei, nå vil eg spøta litt, så ha ein fin kveld!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar