mandag 22. oktober 2012

Tida flyr...

Kor blir tida av? Timane, dagane, vekene flyr så fort, at eg knapt får tid til å blogga ;)
Eg er for tida ivrig spøtar, og då går tida fort om kveldane.
 I tillegg prøver me å ha syklubb av og til, og så burde eg trena nokre gonger i veka (noko som har gått dårlig dei siste vekene)
Eg ser alle de andre flinke bloggerar, og har lyst å vera like flink, men det går litt i bølger for meg. 

Men kanskje eg snart går mot ein ny bølgetopp :)

Nokre bilete tatt ein mandagskveld:)




Siste rest av skappelgenseren....

Eg arbeidar i barnehage, og hjelp så mange som er sjuke for tida, både store og små. 
Så ikveld føle eg meg litt uggen...forhåpentligvis berre sympati-uggen ;)

Ha ei fin veka!  :)

2 kommentarer:

  1. Hei på deg, Venke Synnøve :-) Blogging går opp og ned, eg kjenner til utfordringa. Men, det gjer jo ingenting, me MÅ jo ikkje. Kun når me har lyst, tipp topp. Stilig vegg dåke har fått, det er så herlig med forandring. Ei venninne av meg har samme tapeten, så eg følte meg mest heima hjå deg :-)

    No lyt eg komma meg i seng. Ha ein herlig onsdag!

    Klem Eli

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, heldigvis kan me blogga når me vil..ingen tvang :) Kjekt at du likte veggen :)

      Slett