fredag 27. juli 2012

Time-in-strategi

Me er for tida inne i ein litt tung/trøtt/slitsom periode. 
Ikkje alltid det er like lett å vera foreldre, syns eg, sjølv om facebook og bloggar sender signaler om perfekte sommarer. 
Ja, slik er det ikkje hjå oss. Dei vanlige barnehagerutinane er forsvunne. Me er saman heile familien store deler av dagen, noko som er uvanleg, og i tillegg har soverutinene fått ein knekk. 
Og det er kanskje søvnproblemer som knekke alle mest. Hadde me berre sove godt heile natta, så hadde me takla mini-tenåringen vår sååå mykje betre.

Så det eg såg her ein dag eg surfa på nett, var ei som snakka om time-in. I Nanny-program blir ungane satt i time-out, ho her snakka om time-in. Om korleis ungar som er blitt storesøsken, er litt vrange, og svarer motsatt av det dei sjølv vil, og går med sinte steg frå deg inne på supermarked fordi ho ikkje fekk det bladet...Desse ungane treng kanskje ikkje å bli satt i gongen/trappa for seg sjølv. 
Apekatthyla er kanskje eit hint om "sjå meg òg." "Er du like glad i meg sjølv om eg hyler? -Sjølv om eg seier eg aldri meir er venen din? -Er du like glad i meg sjølv om eg ikkje er så sjønn som lillebror?"
Og eg fall for time-in-begrepet, der denne oppførselen blir "belønna" med å få sitte på fanget, vera inntil mamma/pappa, lesa ei bok i fred. Litt tid der berre ho blir sett og høyrt. 
Så slik vil eg prøva i framtida, når ho treng ein Time-in :)
Andre som kjenner seg igjen?



I tillegg såg eg eit dikt på ein annan blogg for nokre månadar sidan, og dette vil eg dele med dykk. 
Eg hugsar ikkje kor eg fann det, så beklager at eg ikkje linkar til det.

Ha ei fin helg alle mammaer :)

Mamma

Mine små øyne ser,
mine ører hører også
De tar inn alt
du sier
og alt du gjør, mamma

Mine små hender
er ivrige
etter å gjøre
det du gjør,
mamma
Jeg håper,
og jeg drømmer
om å vokse opp
og bli
som deg, mamma  

Vær forsiktig, mamma
hva du lærer meg
 Vær forsiktig, mamma
hva du sier til meg
For en dag
ikke så altfor langt unna
vokser jeg opp
med alt jeg har lært
og blir som deg,
mamma.

 

1 kommentar:

  1. Hei høpp!!

    Takk for fine ord fra deg.Du er ikke lenge med å sy deg en ugle pute:)

    Herlig dessert er så koselig å plukke bær med barna:)

    Nyt helgen!

    Klem Linda

    SvarSlett