mandag 16. april 2012

Minstemann 1 år :)

Tenk at for vel eit år sidan nå, så kom den sjønne guten vår til verden. Fødselshistorien kan du lesa her :)
På laurdag hadde me familieselskap. 
Sidan me bur eit stykke frå min familie, syns eg det er greit å ha selskapet på ein laurdag, slik at dei kan handla litt når dei første er i byen, og så vera med oss. 
Me fekk besøk av mor mi(Besta) og moste og onkelen min. Eg kjem frå gard, så far min måtte vera heima å passa kyr og sauer(som var byrja lemma rett før helga).
Bror min med familie var òg invitert, men dei blei foreldre for 4 gong på torsdag, så dei hadde gyldig fråvær :)
Gratulera med guten, broder og svigerinna!

Men her kjem nokre bilete av gåver til litlebror.

Enkel krona, men han var så fornøgd med den på :)

Flott bil med mange knappar og lydar...veldig stas!


Bilen fekk han av farmor,farfar, tante, onkel og søskenbarn

Bil valgt av storesøster
Me hadde eit koselig selskap, og var glad for alle som kom.
Idag på sjølv dagen går det roleg for seg, men nå trur eg me skal trilla ein liten tur å sjå på gravemaskinar ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar