søndag 29. april 2012

Hagen vår

Eg har ikkje fått skikkelig hagegnist endå, sjølv om det er fint vêr. Kanskje fordi åkeren vår skal jevnes med jorda, og blomabeda mine er overgrodd av ugras. Egentlig burde eg brukt kveldane nå når det er så fint vêr, på å ordna i hagen. Kanskje imorgon?!
Men det som er kjekt, er at løkblomane kjem sjølv om der veks ugras, så her er nokre bilete frå hagen vår.

Påskelilje-bedet mitt fekk me med når me kjøpte huset.

Solbær blir det visst i år òg

Stikkelsbæra blømer. Håpar ikkje blada blir etne opp i år

Rips ser det òg ut til at me får



Åkeren er ribba

Nokre jordbærplanter skal eg flytte over i krukker, og elles blir nok dette leikeplass.

Imorgon er første permisjonsdagen til mann min, og eg har kun 2 dagar att heima. Blir nok kjekt å tilbake på jobb, men først nyta desse siste dagane av permisjonen.

Ha ei fin veka! :)

1 kommentar:

  1. Hei Venke Synnøve, tusen takk for tips om Moderne Stil, no har eg oppdatert med link til Anne Helene også :) Du må kosa deg så mykje med dei siste dagane i permisjon, det er litt vemodig, men så er det godt å komma ut og få litt voksenkontakt igjen også. Eg begynner i ny jobb på onsdag, og kjenner at det begynner å krible litt ;)

    Ha ein fin dag!

    SvarSlett