mandag 19. mars 2012

Henta inn våren

Før helga var eg ein tur til sentrum, og sidan helga gjekk i å feira svigerinna mi, så viser eg idag bilete av det eg fann. 
Eg har hatt lyst på små blomavasar, sidan det ofte er små stilkar på blomar som storesøster kjem inn i heimen med. Likevel blei den litle vasen eg kjøpte litt i største laget. 
Så krokusane eg fann ute i dag fekk plass i ei lita flaske eg fann på Søstrene Grene, og hestehovane havna i eit glas me kjøpte mini-pikekyss i forrige helg på Åhlens. Og dei andre fekk orkideblomar frå stoveglaset i seg :)
Den siste flaska har vore sviskejus i, og eg har planar om å kle den med garn, men nå tok eg den heller i bruk.





Det svarte i bakgrunnen er eit sjerf som eg har brukt alt for masse tid på å spøta, men som eg nok snart kjem til å rekke opp igjen, for det blei for stort, svart og varmt. Har du forslag til noko anna kjekkare eg kan spøta? Eg er litt tom for håndarbeidsgnist for tida :)

Ha ei fin veka vidare!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar