onsdag 21. mars 2012

Bursdag

Igjår hadde eg bursdag, hurra for meg :) 
Det var ikkje rundt, men eit selskap blei det, og eg fekk kjekke gaver, og veldig mange helsingar på facebook...heilt overveldande :)
Men sjølv om det var bursdag igjår, så var det travelt, med lunsj i barnehagen til storesøster, for så heim å støvsuga, vaska og rydda litt, og ikkje minst bake rullekake, og lage fruktsalat. Men eg er visst ikkje ein fullverdig bloggar endå, for eg gløyme å springa å henta fotoapparatet, så ting blir ikkje alltid dokumentert. Kanskje neste gong..?
Av min kjære familie fekk eg mange flotte gaver, og dei har eg lyst å visa. Først og fremst raude roser, og det er så nydelig. Ønske meg ferske blomar til kvar helg...bør kje vera så vanskelig å få til det.



Så ein pose med to smykker, som storesøster hadde valgt, under oppsyn av pappa'en. 


 
Og jammen eit sett frå body shop, som eg skal prøva ut ikveld..det lukta nydelig :)


I tillegg fekk eg vin, belte, smykke og parfyme, og tilskudd til sommarblomar og ei ønska symaskin. Den skal eg skriva om når eg får den i hus :)
Av rullekaka var det kun eit bittelite endestykke att, som eg skal kosa meg med nå. Litt bursdagsfeiring aleina.


Ha ein fin onsdag:)

2 kommentarer: