søndag 5. februar 2012

Bloggtreff på Haugalandet

Laurdag 4.februar var det endelig klart for bloggtreff på Haugalandet, og eg var spent når eg møtte opp hjå Marie Friis. Alle hadde med seg litt mat, og Marie hadde gitt alle ei oppgave med å lage navneskilt som representerte bloggen din, så her var det eg hadde med meg på bloggtreffet:


På treffet var det mange koselige damer, og flott dekka bord, som du kan sjå her på bloggen til Marie( Når ein ikkje tar med kamera sjølv er det greit at andre har tatt flotte bilete.) 
Andre bileter frå Marie sin heim kan du sjå her på bloggen Snikkerbuo.

Under stolane våre var det lagt ein stor goodiebag med maaange sponsorgaver til oss, og her skal du få sjå det me fekk med oss heim.

Sjå Fru Dagmar & Me på facebook. Dei har butikk på Vea

Storeys, med plank-tapetrull :)

Fru Emma interiør og klær

Søstrene Grene

Ølen Møbel finne du òg på facebook.

Amundsen Spesial

Tante Pose
 I tillegg til goodiebagen, var der gavedryss med flotte premiar frå Dagmar & Me, Indiska, Mammabutikken.com og Indesign
Dette resulterte i at det om ikkje lenge blir giveaway her hjå meg..vent å sjå :)
Silje frå Siljes blogg hadde òg eit innlegg der ho viste sine enkle, men lekre produkt. Du ser dei på bloggen hennar. Kanskje eg òg får prøva meg på betonglysestaker..Kanskje store, tunge som kan stå ute her på vestlandet...?

Takk for ein kjekk dag, damer!
Ha ei fin veka alle saman :)

3 kommentarer:

  1. Takk for sist Venke Synnøve. Var så koseleg, og ikkje skummelt ein plass, noko som eg trudde,hehe:) Alltid litt skummelt når ein ikkje kjenner nokon og er så fersk i gamet. Gler meg til å sjå korleis du skal løysa utfordringen me fikk sjå storeys ang tapeten:)
    Ha ein goe søndagskveld.
    Knip

    SvarSlett
    Svar
    1. Nei, var ikkje skummelt :) sjølv takk for sist :) Har du planar for tapeten?....eg har idear...;)

      Slett
  2. Takk for ein super laurdag! Kjekt når så mange sprudlande damer samlast! Håpar det kan bli fleire treff i framtida :)

    Ønsker deg ein fin mandag! Klem Helene

    SvarSlett