fredag 6. januar 2012

Hekla bestemorruter

Desse rutene skulle i utgongspunket bli eit vognteppe til babyen min, men etter å ha hekla desse 12 rutene var eg fornøgd, tenkte på alle trådane som måtte festast, eg var tom for det eine blåe garnet, og eg la det rett og slett frå meg. 

Så nå når eg hadde lyst å komma i gong med eit nytt prosjekt fann eg desse rutene, og jammen fekk eg hekla dei saman. Oppskrifta er frå garnstudio.com, og bestemorruter er veldig greie å hekla.
Men nå er det nok Lise Lotte, den nye dukka til storesøster som har fått seg teppe (viss det kan brukast sidan det har gutefarge ;) )


Eg knipsa òg nokre bilete med han som egentlig skulle hatt teppet. Tenk at han snart er 9 månadar.



Med sjønnasen vår vil eg ønska deg ei god helg :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar