søndag 10. april 2011

Sydde hjerter og armbånd


Så har eg gjort litt håndarbeid denne veka òg. Har lenge tenkt at lillebror(fortsatt i magen, 6 dagar til termin) må få eit hjerte på vogga si, så denne veka fekk eg endelig ut fingen og sydde nokre blå hjerter, og så nokre stempelhjerter. Ikkje heilt fornøgde med dei, men det kunne vore verre.




Eg har likevel gitt fleire vekk i bursdagspresang, og mottakaren var fornøgd, så då er det jo bra. Eit blått hjerta gav eg òg vekk, til nevøen min på vel eit år. Kanskje han òg får det på senga si


Forrige helg testa eg ut ein nettstad som Put It In a Box-bloggaren, Ida, anbefalte til smykkelaging. På kuttut.com selger dei alleslags charms og liknade. Dei er billige og fort kom dei i posten, så treng du charms til noko kan eg absolutt anbefale desse.


Eg stal òg Put It In a Box sin idé til armbånd, med charms. Dette er stoffremser som er fletta og hengt charms på, og som har fått smykkelås i endane. Dei er ikkje perfekte endå, men ikkje så verst heller, om eg kan sei det sjølv. Kanskje noko her kan vera til inspirasjon for andre igjen :)

Takkar for kommentarar :)

6 kommentarer:

  1. Heia!
    Så fine hjerter du har laga. Og dei armbåndå va kjempelekre. Trur kanskje eg ska prøva meg på dei ;)
    God ruging videre :)

    SvarSlett
  2. Takk, Siri! Syns òg armbanda blei fine..må laga meg nokre fleire...stilig med fleire på armen på ein gong :)

    SvarSlett
  3. Så flinke du er Venke Synnøve.Dette var jo kjempefint.Armbåndene var søte.Live likte nok det tenke jeg.

    SvarSlett
  4. Hei Eli! Ja, Live likte armbandet..følgde nøye med når det blei laga, og stolt for å ha det på. Men eg har ikkje limt låsane, så er litt redd dei kan bli dradd av. Men det går nok bra :)

    SvarSlett
  5. Likte det som er ditt veldig godt, mulig å lage eit lignande til meg? Du er god. Og jento vår har òg fått hjertene på senga:) nydelige:)

    SvarSlett