mandag 15. mars 2010

Min første blogg,om dagens tilstand

Der fann eg plutselig ut at eg hadde lyst å fortella andre om det eg drive med på fritida mi. Dermed oppretta eg ein blogg, og her tenkte eg å fylla inn med mykje forskjelligt.

Eg har visst vent meg til med å ha ei viss mengde håndarbeid liggande til kvar tid. Nå for tida har eg fleire påbegynte prosjekt. Ein brodert juleløpar, som eg ikkje blei ferdig med til jula 2008, eller til jula 2009, så kanskje 2010 er året for ny juleløpar. Eg har ein babygenser som må vera ferdig i løpet av hausten, då badne som skal ha ann vekse(niesa mi). Akkurat nå hekle eg amigurumi-maskotar (japanske heklakosedyr) som eg tenker mine kjære kollegar skal få som takk for samarbeidet. Har òg ein sjønn babykjole som ikkje er heilt ferdig fordi halsen blei for trang( pågynt i 2004-2005?).
I tillegg har eg eit bilde som skal broderast og ein sengehygge/bolero som skal spøtast til meg sjølv som ligg å vente. Har òg lyst å hekla eller mala eller pynta påske-egg. Veit berre ikkje heilt koss endå.
Eg trur eg har ein litt lei tendens til å ikkje heilt fullføra prosjekta mine. Trådar som skal festast og spøtadeler som skal monteras saman er liksom det kjedeligaste med håndarbeidet. Kanskje bloggen kan føra til at eg faktisk blir flinkare til å avslutta prosjekta mine.
I tillegg kjem eg nok til å legga ut diverse kake- og matoppskrifter som eg like og bruke. Ostekaka eg lagar syns eg sjølv er knallgoe, og så har me ei tacoform-oppskrift som eg har lyst å dela. Og etterkvart kanskje òg litt babystoff...håpe eg.

1 kommentar:

  1. Gratla me nye blogg mårr, det va sjikkelikt skoi detta da!:0) Eg kan anbefala den tacoformå forresten, gled dåkker te den dukke opp her!;0) Oi, åsså ostakakå kan me ikkje stikka onna ein stol, heller te håls! Stå på!:0)

    SvarSlett