mandag 24. juni 2013

Å mestre

... gir ein god følelse.
Og igjår skulle de sett storesøster her i huset!
Me skulle berre ut å øva litt på å holda balansen på sykkelen(for veninna er såå flink å sykla),
og jammen klarte ho vel å sykla heilt sjølv. 
Ho starta sjølv, ho bremsa og etterkvart klarte ho å svinga òg.
Så heile dagen igjår ville ho berre ut å sykla,
og idag ville ho helst sykla i barnehagen, men det har me ikkje tid til.
Men dette er så stort, og ho var så stolt igjår, og det var eg òg!

Så nå må me ut å sykla i alle ledige stunder me har :)


I tillegg sa lillebror namnet sitt rett for første gong denne helga, og det var kult :)
Og han var òg så stolt :)

Ellers har me vore ute på diverse i helga, men utan fotoapparat, så då blir det med minna.

Laurdag var me med nokre venner å besøkte brannstasjonen, og me fekk kjøra brannbil. Eg og lillebror var å kjøpte nokre blomar til beda ute, så dei skal de få sjå når dei er komne i jorda.
Igjår hadde me oss ein tur til Kvalsvik, der me såg ei bittelita og ei stor krabbe, og me åt lunsj. 
På ettermiddagen var me på st.hans-feiring med nokre vener, 
men det blei ikkje så lenge, då regnet kom å store straumar.

Avslutta dagen igjår med å sjå Cloud Atlas, ein nesten tri timar loooong film...
ikkje min nye favoritt, for å sei det sånn....

Men nå må eg kjøra på jobb!

Ha ei fin ny arbeidsveka, eller ferieveka for dei som har det :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar