lørdag 23. mars 2013

Rolig laurdagsmorgon

I natt har eg blitt vekt mange gonger av lillebror, så noko plaga han visst,
men etter bleieskift idag kl. 5.30 sovna han igjen.
6.10 var eg og storesøster oppe,og morgonen har vore rolig. 
Eg har satt på klesvask, fyrt i omnen, og så har me kost oss med dette:



Storesøster fekk eit armbandssett på torsdag, og dette har ho testa idag.
Dette har eg gjort:



Ikkje ofte eg kjøpe hespar med garn, men det minne om gamledagar når eg hjalp farmor med slikt :)

Og samtidig tok eg bilde av mine søte perleblomar:


Idag skal me ha ein enkel samankomst, for eg hadde bursdag på onsdag. 
Eg har ikkje hatt tid til å blogga tidlegare i veka, så kanskje kjem det "gamle" innlegg òg idag.

Ha ei flott helg! Her blir det sol og fint idag :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar