søndag 3. februar 2013

Babyshower...

er visst noko nytt som har komt til Noreg.
Og i helga feira me ei svigerinna, som med stormskritt nærme seg termin.
Vertinna hadde pynta fint, og laga nydelig bleiekake :)


Bleiekake av to bleiepakkar med pynt :)




Mitt bidrag var kyllingsalat som ikkje blei avbilda, og cupcakes.
Dei som eg laga for nokre veker sidan var øving til denne helga, 
så nå har eg laga dei to gonger. Skulle gjerne hatt meir lillafarge på kremen, men men...
Bruka raud og blå konditorfarge....måtte eg då brukt meir for å fått meir farge?



Skulle egentlig skriva ut fine vimplar, men når skrivaren svikta blei det desse enkle heimelaga heller.


Alle hadde med babybilete, og den "graverte" skulle gjette kven som var kven.
Andre leiker var Baby-alias, Gjett størrelsen og fødselsdato, og Gjett størrelse på magen.

Var ein veldig koselige dag! Har du gjetta kjønnet til barnet?

Så nå er det berre å venta på telefon om at ein sjønn tanteunge til er født!

Ha ei fin ny veka, og lykke til når det skjer, Birgitte!! :)

6 kommentarer:

  1. Så fin babyshower! Det såg koselig ut :-)

    SvarSlett
  2. Nye tider - nye tradisjonar! Likar desse bleiekakene som vert laga til denne anledningen:)

    SvarSlett
    Svar
    1. ja,nokre nye tradisjonar må me kanskje ta inn,og dette er jo ein koselig tradisjon :)

      Slett
  3. Hæh? har babyshower kommet til Norge? det har jeg ikke fått med meg... ;) men NÅ har jeg fått det med meg. Ser ut som det var en flott dag, da - og dine fine bidrag var jo herlige :) Jeg sier som en over her, ja nå er det nye tider og nye tradisjoner, det er helt sikkert :) ønsker deg en fin ny uke <3 klem din vei

    SvarSlett
    Svar
    1. Takkar Spirea! Ja,d e nye tider. Babyen er ikkje komme endå,men eg kjenne eg glede meg t å holda baby igjen :)

      Slett