mandag 3. desember 2012

Adventskalender

Eg måtte laga ein adventskalender i år òg, 
sjølv om storesøster fekk ein polly pocket-kalender til gebursdagen. 
Eg var som vanleg treig, men kom igong til rett tid. Desse bileta blei tatt på fredagskveld.

Eg har kjøpt krybba, og pakka inn figurane...så sakte, men sikkert blir fullt i krybba.

Har brodert kalender, men krybbefigurane blei for tunge, og ligge nå i boks i staden...


Igjår var kalendergava til storesøster å gå på kino med mamma og pappa, på Reisen til julestjernen, og det var kjempekjekt. Lillebror fekk på besøk til farmor.
Idag er lillebror og eg heima...han med omgongsjuka, og eg håpe eg sleppe unna.

Ha ein fin dag :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar