torsdag 4. oktober 2012

Sidan sist...

Uff og uff..nå har det gått ei veka sidan sist eg blogga. 
Eg finne liksom ikkje tid til å blogga, for eg er så opptatt med alt anna. 
Helst vil eg spøta nå om dagane, og ikveld skal eg på sykveld me ein ny gjeng, så det blir kjekt. Kanskje de får sjå resultat her imorgon :)

Forrige søndag henta me inn Raud aroma-epla mine, så dei måtte fotograferast. Veldig fin og varm farge på dei, men vil ikkje sei dei var søte. Men me smaka jaffal på dei. Må nok bli ei eplekake av dei òg. Eller kanskje me skulle prøvd oss på ein eplepai :)
Nokon som har ei god oppskrift?



I tillegg var eg husmor sist helg, og laga frikasé til middag på søndag. Dette har alltid vore ein av mine favorittmiddagsrettar, og jammen vart ann god :)


Veka elles har gått i arbeid, trening, ettermiddagsaktivitetar, og jammen er det fridagen min idag. Så idag har eg ordna i huset og ordna til noko stoff til eg skal på syklubb.

Nå litt av avslapping og dette før henta ungane i barnehagen:

Og ja, det er sol som skin på kaffikoppen for augeblikket, men nå må eg ikkje blunke, for då er ho vel vekke att...


Ha ein fin torsdag vidare! :)

1 kommentar:

  1. Så gøy at du deltar på min giwe away og takk for søte ord, fining!
    klem
    -Maia

    SvarSlett