søndag 19. august 2012

Merking av barnehagekler, og innkjøp av nye....

Nå har eg stått ca. ein time ved strykebrettet, og det er uvanlig til å vera meg. Eg er ikkje flink til å stryka kler, og det er vel helst skjorter som blir strøkne. Men idag har eg endelig somla meg til å merka kleda til lillebror, og skjørta til storesøster.



Allerede første dagen i barnehagen blei lillebror si buksa sendt heim med nokon andre, så det er greit å ha ordna det. 
Storesøster har nok stortsett kontroll på kleda sine, men kjolar og skjørt er det som oftast blir lagt i hylla.
Når eg la kleda hennar tilbake, såg eg over kleda hennar, og tok ut det som er for lite...og då blei det ganske slunkent i skapet hennar. Så nå lure eg på å ta meg ein liten shopping runde på nett.

Er det nokon nettbutikk du vil anbefale? Kor likar du å handle klede til ungane dine?


Ha ein fin søndag! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar