søndag 15. juli 2012

Himmel eller helvete? (obs, obs...sterke bilete!)

Eg har klipt dei av på midten.
Eg har plukka dei opp og drukna dei i varmt vatn.
Eg har trødd på dei, og sparka dei av veggane.

Så ein dag kom min kjære med noko nytt...sneglefangaren!

Ein grave botnen litt ned i bakken, 
legge frukt i midten og salt rundt kanten.


Ser ganske greit ut foreløpig...

Så set ein lokket på og lar det gå nokre dagar.
Sneglane kryp inni og ned til den gode frukta, men på veg ut at må dei over saltet, og der dør dei.
"Moooohahahah" ;)

Her er etter ca to døgn:




Her er etter 12 døgn:



Kan på bilete telja vel 50 sneglar...er nok ein del fleire.

Ikkje så lekkert, men kan jo hjelpa for å redusera antalet i hagen.

Legge med eit bilete av herlige jordbær mot elg(?) for å vege opp for desse ekle bileta!


Håpar du har hatt ei fin helg, og ynskjer deg ei fin ny veke!
:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar