søndag 20. mai 2012

17.mai-feiring

Eg tok med meg ungane heim til mor og far på 17.mai. Det tar 2,5 timar å kjøra, og eg hadde planar om å kjøra på 16.mai, men sidan lillebror hadde feber, og øyrebetennelse blei det utsatt. Eg burde nok berre vore heima, men hadde ikkje hjarta til å skuffa storesøster som gleda seg til å vera med søskenbarn.


På Nesflaten, der eg er frå, går heile grenda i tog saman. Der er ikkje korps, men kvart år tromle dei saman gamle korpsmedlemer, slik at toget blir leda av korpsmusikk.
Etterpå samles heile grenda på samfunnshuset og ete middag saman. I år fekk me svinasteik til middag og sitronfromasj til dessert. Etterpå er det tale for dei vaksne, og film for dei små.


Ikkje bra bilete, men måtte få med at storesøster har bunad på seg.

Sidan er det diverse leikar, gjettekonkurransar og natursti for både vaksne og ungar. Storesøster fiska seg snopapose, og så åt ho 3 isar på rappen, for på 17.mai er det lov å eta så mykje is ein vil.


Det blei ikkje tatt så mange bilete, for med to ungar, og den eine med feber, blei det litt travelt, men her har lillebror fått på seg tversoversløyfa.


I 16-tida er det slutt på dagens aktivitetar, og folk trekkjer heim til seg.
Men 19.30 samlast dei att, til musikk, underholdning, betasuppa og trekning av gevinstar.
17.mai på Nesflaten anbefalast å prøva, og det er det som er "skikkelig" 17.mai ;)
Håpe alle hadde ein fin 17.mai.

e.s. Den andre sommarkjolen blei igjår gitt i bursdagspresang til storesøster si besteveninne :)
Men eg syr gjerne fleire, om andre ynskjer òg :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar