søndag 4. mars 2012

Barselgave

Eg har igjen brukt boka til Tante Mie, og denne gongen sydd ei barselgave. Bukse og smekke. Veldig enkle og kjekke mønster og kjekke sytips. Tenkte å sy same sette til gutungen min òg, men nå blei det dette først. Meir barnekler blir det nok òg snart, då bror min og kona vente unge nr.4. Kjekt å vera faste! (faster/tante/fars søster)
Både fløyelstoffet og jerseystoffet med apekattar er frå Stoff&stil.



Ellers har mannen vore vekkreist denne helga, og eg har ikkje fått knipsa så mange bilete. Berre dokumentert at lillebror syns det er kjekt å smake på gangdøra ;)



Herligt!
Med dette ønske eg dykk ei koselig veka :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar