torsdag 9. februar 2012

DIY -gullkrone

Imorgon er det karneval i barnehagen, og storesøster vil vera prinsessa, for det skal besteveninna vera. Ho har heile veka snakka om å vera fe, men idag var det blitt prinsesse. Og noko av det sist ho sa før ho la seg ikveld var at det var dumt ho ikkje hadde krone. Så kva gjorde mora? Laga ei :)



Det du treng er ein dorullkjerne, ein strikk til å nå under haka, og gullmaling. 
Klipp taggar i eine enden av dorullkjernen, sett strikken i andre, mal heile med gullmaling og strø på litt gullglitter om du har :) 
Enkelt og greit, men har faktisk trua på at storesøster like denne :)


Ha ei fin helg alle saman :)

e.s. Ta gjerne lodd på give awayen min (sjå høgre side -->)

1 kommentar: