fredag 23. desember 2011

Tampen brenner

I eit forsøk på å gjera ein ettermiddag koselig, fann eg ut at eg skulle gi litt av min barnekultur til storesøster på 4 år. 
Når eg var lita jente, og familieselskap ikkje var så spannande leika me ofte "tampen brenner" med tanter og søsken. Dette er ein enkel og kjekk leik. 

Alt du treng er ei fyrstikkeske(eller annan ting som alle er enige om).
Alle,bortsett frå ein, går ut av rommet, medan den som er inne skal gøyme eska. Men eska skal vera synleg, slik at dei som leitar skal ikkje trenga å løfte på noko. 
Er eska vanskelig å finne kan ein gi hint om høgden den er gøymd i, og då bruka me fisk(golv), hare(midt imellom) eller fugl(høgt) som hint. Me kan òg seie at den som er nærmast eska er varmare enn dei som er lengre vekke. 

Dette forstod ikkje 4-åringen heilt, så då eg ein gong sa at kjøkkenet var kaldt, spurde ho seinare ein gong om eska var gøymd i det kalde :) Likevel var dette kjempekjekk leik, og etterkvart fann ho nokre gode gøymestader. 
Nå bilete med gøymt fyrstikkeska, og "fasit" :






Har du nokre kjekke leikar frå din barndom?
Kos dåkken med litt "Tampen brenner" om juledagane blir for lange :)

God jul godt folk!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar