mandag 8. august 2011

Sommardag på trappa

Det har såvidt hendt i sommar at me har fått litt fint vêr, men me har hatt ganske greit utevêr jaffal.

På ein dag med fint utevêr fann eg og storesøster ut at me skulle laga vårt eige litla syltetøy. Rips og solbær har me i hagen, og villbringebær er det rett i ein tom overgrodd hage her. Jordbær har me òg, men dei er sneglane alt for glade i :(


Men me samla av dei bæra me har, strødde på sukker og knødde det. Storesøster syns dette var stor stas og åt opp alt saman, bortsett frå det ho sølte på seg og trappa ;)

Ellers blømer margaritten fint endå :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar