mandag 11. juli 2011

Stikkelsbærbusk under angrep :(

Stakkar stikkelsbærbusken min!


På rundtur i hagen idag, oppdaga eg at stikkelbærbusken min mangla MAANGE blader, og på dei få som berre var byrja å minka hang det mange små larver på undersida. Uff..skal sei dei larvene har kost seg. Eg la ikkje merke til desse igjår når eg var i hagen, så dei er nok nyleg ankomme, og har storkost seg. Etter ein liten google-surf fann eg ut at dette nok er stikkelsbærbladhveps. Dei er visst ikkje så lett å bli kvitt, men eg las ein plass at ein kan spyle dei vekk med litt hard stråle frå hageslangen. Så dette prøvde me ut, og Live fekk styra hageslangen. Der var tydelig færre larver rett etter spyling, og nå 8 timar seinare er der fortsatt nokre larver å sjå, men ikkje så mange, men dei kjem vel snart tilbake.


Heldigvis et dei visst berre blada, så bæra blir våre, men det kan jo ikkje vera bra for busken? Som min kjære sa, blada er jo lungene til planta... Kjem heile busken til å daua? Me får sjå..kanskje eg må innom eit hagesenter å spørra om gode råd.


Heldigvis har me nokre planter i hagen som kan lyse opp etter slike kjedelige nyheter. Og rosa er jo aldri feil :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar