fredag 7. januar 2011

Varme føtter



I haust såg eg faktisk at tanta mi hadde nokre søte tøfler, som liknar på desse eg har spøta nå. Dei var søte, og passe å bruke i selskap, til kjole. I tillegg er dei betre på foten enn barne-finsko. Så ta ein kikk på desse sjønne tøflene.



Desse som eg har spøta her har eg funne oppskrifta på i ei bok eg har kjøpt i hobbyklubben. Boka heiter Julepynt & julegaver, og er skrevet av Anne Grethe Gaaserud, Kristin Wien og Ann-Margret Sørli Hågensen.



Her er ei enkel oppskrift på korleis du får varme føtter :) I oppskrifta er det brukt Fritidsgarn frå Sandnes garn. Eg har bruka eit garn eg fann på Europris som passar bra til toving. Dette heiter Rosendahl, og er produsert av Gjestal AS. Eg har brukt rundpinne nr. 6, på 40 cm.

Alt spøtes i eit stykke, og sys så saman og toves etterpå i maskin.

Denne gongen tova eg kun desse to tøflene på 40 grader, men eg la med ein tennisball i maskina. Dette tova betre enn hjerta eg spøta før jul, så kanskje tennisballen med var ein god idé :)



Tøflene strekkes til passelig størrelse medan dei er fuktige, og etter dei var tørre fann eg ut eg skulle ha anti-skli under dei. Eg kjøpte for ei stund sidan formgummi frå Stoff&stil, og denne fekk eg prøvd her. Ser kanskje ikkje så fint ut, men det virka i allefall.

Har lurt på om eg skal nålefilta, eller sy på nokre søte hjerter på, og kanskje det skjer på neste par.



Eg er faktisk i gong med par nr to, då desse eg har spøta blei litt små, ifølge tre-åringen min. Så nå har eg komponert oppskrifta sjølv, då oppskrifta i boka kun var delt i barn- el dame-størrelse. Får sjå korleis dette går :)








2 kommentarer:

  1. Dei va kjempesøte :)
    Sikkert herlige å gå med o, istedet for harde selskapssko.
    Du e så flinke :)

    Siri

    SvarSlett
  2. Takk, takk Siri :) Dei er brukt mykje heima i juletider/strømpebukse-tider :)

    SvarSlett