søndag 23. januar 2011

Dukkekler

Nå har mi dotter mast på meg om at eg måtte spøta nye kler til dukka hennas. "Kjole og 2 jakker"var bestillingen eg fekk av Live. "Vaniljesauso" som dukka så kledelig heiter,(dukka lukte vanilje) kom til oss i kun ein pysjamas og ei huva. Dette har ho hatt på seg nå i vel 2 år.


Så her forrige veka tok eg spøtene fatt, og begynte på ein kjole. Då Vaniljesauso er mindre enn baby born-dukker, fann eg ikkje oppskrifter eg kunne bruke, men eg fann ei eg endra slik at den passe til dukka. Her er utgongspunktet: http://www.hekleogstrikkeoppskrifter.com/2010/08/14/strikket-babyborn-dukkekl%C3%A6r-kjole-og-panneband/

Eg brukte færre masker enn det som står, og prøvde meg fram. Live blei godt fornøgd med dukkekjolen, og den er nå på, og snart forsvinn vel pysjamasen.


Eg spøta òg sokkar til ho, men dei blei for store, så idag fann eg ut at eg skulle gjera om "lubbane" til strømpebukse. Eg har spøta denne utan oppskrift, men den blei ikkje så verst, om eg har lov å sei det. Den er spøta kun rett og slett, med nokre riller på rumpa, sidan rumpa er litt større enn framme.

Plukka opp masker rundt lubbane, og spøta oppover. Satte saman dei to beina, og auka nokre masker etterkvar som eg syns det trengtes. Hadde tilslutt ca 80 masker på pinne. Enda med ei vrangbord øverst, og så tredde eg ein strikk i livet, då strømpebuksa blei litt vid.

Live var fornøgd med dukka si, og ein gong eg har tid, skal eg sy jakke og kanskje andre kler til ho. :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar